Du er her: / Hovudsida / Klausen Mek. Verksted /
   
Klausen Mekaniske Verksted AS  
Klausen Mek. Verksted sine produksjonslokale ligg i Holmedal i Askvoll kommune, sentralt lokalisert på kysten av Sogn og Fjordane. Den travle skipsleia er like utanfor døra, og du skal ikkje mykje lenger vest før det er mogeleg å sjå dei store oljeriggane i Nordsjøen. Det er den gunstige lokaliseringa som har gjort det mogeleg for Klausen Mek. Verksted å utvikle seg positivt. Djupvasskai og ein djup og trygg fjord er også fordelar vi dreg nytte av. Klausen Industrier Svelgen AS er ei søsterbedrift til Klausen Mek. Med 15 tilsette er avdelinga ein viktig ressurs for smelteverksindustrien i Svelgen.
| Engelsk | Polsk |