Du er her: / Hovudsida / Klausen Mek. Verksted / Historikk /
   
Klausen Mekaniske Verksted AS,  
den gong “Brødrene Klausen”, begynte med lokalt smed- og reparasjonsarbeid i 1948. Vi har ein stabil arbeidsstyrke som er rekruttert frå eit disktrikt med nærare 100 års industritradisjon. Med den strategiske lokaliseringa i forhold til skipsverfta på Vestlandet, har bedrifta i dag utvikla seg til eit konsern med avansert logistikk og fire bedrifter i to land. Vi har såleis fleire “bein” å stå på og ein sunn økonomi. Klausen - Konsernet er etablert med Klausen Holding som eit eigarselskap.
 
Historisk Oversikt
1948
Etablert av Jørgen og Olav Klausen, "Brødrene Klausen" 
1972 - 1996
Utbyggingsperiode på Helle 
1981
Klausen Mek. Verksted blir omdanna til aksjeselskap 
Seinare tids utvikling
1990
Klausen Industrier Svelgen 
1998
Klausen Holding 
2000
Klausen International Ltd.
2002
Klausen Industrier og INC etablerer INC Vedlikehold

Traktoren "Vestland" som Klausen
produserte på 50-talet